2.plass til Georg og Morten på sundag på Siddistreffen

Siddistreffen fortsatte sundag med fleire bra Stord resultat. Georg var den som spelte best, med 2.plass i gutar 15 år og solid spel i eldre junior. I eldre junior pressa han Gaute Grov til 5 sett, og vant også mot Bendik Thorfinnsson i puljespelet, og vant kvartfinale og semifinale 3-0 i gutar 15 år, men måtte slita og bruka krefter for å vinna. I finalen mot Bendik Thorfinnsson hadde kreftene tatt slutt og det blei tap 1-3. Litt meir kondisjonstrening så held han lengre. Morten S hadde inegne spesielt god dag, var nære på å tapa i første sluttspelrunde mot Stian T. Johansen,Fokus, men redda seg bra inn frå 0-2 i sett og 4-8 + 2 matchballar i mot. I 4. og 5. sett vant Morten greit. Var sjanselaus i finalen mot Edvard S. Brandtzæg, men på ein dårlig dag er 2.plass veldig bra. Morten K hadde heller ingen god dag, men tok ein viktig 9.plass i gutar 15 år. Når det gjelder Topp 8, så er no Georg klar i gutar 15 år, mens Morten K er inne på 6.plass, men treng sannsynlegvis ein 9.plass i siste stevnet for å vera klar. Morten S er klar i gutar 13 år, det samme er mest sannsynleg Erik og, og i senior er Roger klar. Dermed har me 4 eller 5 deltakarar, og i tillegg kjem funksjonshemma om det blir noko av dei klassane.
Ellers hadde Jan Roger og Amanuel eit par fine sigrar sundag. Dei andre yngre fekk det tøft på norgescupstevne, men det er berre ein ting som gir framgong, det er å trena meir og ikkje minst betre og med betre konstetrasjon om det ein skal trena på. Ellers hadde me spørrekonkurranse der Georg var qiuzmaster, i lag med Atle på fredag, og med Kleven på laurdag(det gjekk sikkert dårlig for laget hans fredag, så han blei sikkert utålmodig) Det var mange bra og til tider krevande spørsmål, og ditto morsomme svar. Til slutt var det Thomas,Jan Roger og Amanuel som vant, litt overraskande etter fredag då Thomas var "einmannslag"
Ellers oppførte alle seg bra både i hallen og på hyttene, der det også var pølser, pizza og gamle bordtennisopptak med dei fleste av dei som var med, pluss litt ekstra. Stavanger BTK leverte som vanlig eit godt stevne, med svært god deltaking i eliteklassane
Oppdatert : 07.11.2011

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Årsmelding Stord BTK 2017
Årsmøte mandag 19. mars kl.20.00
Resultat Vestlandsmeisterskap for veteranar 2017
Resultat veteran KM 2017
Innbydelse veteran KM og VM

www.stordbtk.no © 2002