Atle til topps i herrer B i Siddistreffen i dag

Atle stod for den einaste plasseringen i dagen NC stevne i Stavanger. Det blei 5 solide gevinstar på rad,og Jens Salvesen blei slått 3-1 i finalen. A.I. hevdar sjølv han er dårlig mot nubber, men etter å ha slått 3 nubbespelarar på rad og rekke, må dette muligens revurderast. No skal lagleiar Tommy Urhaug ha sin del av æra, sidan han forklarte for Atle kor lett det kan vera å møta nubbespelarar om du gjer som eg(Tommy) seier, eg var jo nødt til å høyra på ein verdensmeister var A.I. sin kommentar etterpå
Ellers tok Roger ein 5.plass i herrer elite, etter knappast mulig tap 9-11 i 7. sett mot ein polsk spelar. Jan Roger tapte også knepent 2-3 for Bård Skogen i kvartfinalen i gutar 11 år. Ellers spelte dei fleste frå Stord opp mot sitt beste, og gjorde brukbare innsatsar i klassane dei deltok i, me nevner kun Thomas som fekk ein sterk siger mot Pål Thon Korsgård. Me satsar på fleire plasseringar høgt oppe sundag. For fullstendig resultatliste sjå Stavanger BTK si side eller forbundet sine sider
p.s. me nevner også at Atle tok sin andre siger(nestensiger) i bladet Sunnhordland sin tippekonkurranse i dag. 34 var nådd finalen og A.I. hadde 9 rette på laurdagskupongen i lag med 2 andre og år til omkamp neste helg. Det var Start som ødela i siste minutt, hadde Fredrikstad vunne 1-0, så hadde A.I. vore åleine på topp
Oppdatert : 05.11.2011

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002