Full pott i seriestarten i 2.divisjon

Stord fekk ein god start i 2.divisjon med 6 poeng, Stord 2 tok 2 viktige poeng i kampen for å halda plassen. Stord vant 2 klare sigrar laurdag, først 9-1 mot Stord 2, der Georg vant over Tommy, så ein enkel 10-0 siger over Stavanger 2. Sundag var det toppoppgjer mot Fjell, det blei ein spanande kamp der Stord leda 4-2 før det blei 4-4, så vant Stord greit dei to siste kampane og 6-4 siger. Stord 2 opna mot Stavanger 2 og låg under med 0-2, men kom tilbake og vant 6-4. Mot Fjell blei det tap 3-7 for Stord 2. For førstelaget var det viktig med sigeren over Fjell i ein kamp der Stordspelarane ikkje spelte opp mot sitt beste. Unntaket var Tommy som vant greit sine to kampar. På Stord 2 var det Georg som var beste spelaren i helga. For Stord 2 blir det å kjempa for å unngå nedrykk, og det var derfor viktig med 2 poeng over Stavanger 2. Når me ser på kven som spelte på dei andre laga i samlerunden på austlandet i helga, vil nok Larkollen vera det beste laget utanom Stord og Fjell. Stord 2 skal også ha god sjanse til å halda seg, dersom dei andre laga stiller med samme lag til neste serierunde som går på Stord 10. og 11. desember.
Sjå på seriespel på forbundet sine sider for detaljerte resultater
Oppdatert : 25.09.2011

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002