Oppsummering NM for yngre dag for dag

Første dag, bronse i lag i 15 år. Me hadde forhåpningar om finaleplass for vårt førstelag, sjølv om me visste me kunne tapa for fleire lag. 1.runde w.o, så ein enkel 3-0 siger mot Harestua med Morten,Morten og Ingvar på laget I kvartfinalen møtte me Randesund, her vant me og 3-0 greit med Ingvar,Erik og Georg på laget. I semifinalen møtte me Fokus 2 og me visste me ville få ein jevn kamp der alle enkeltkampar i utgongspunktet var opne. Georg opna mot Bendik Thorfinnsson, og det var tydelig at Georg var nervøs og usikker og tapte enkelt dei to første setta, kom seg litt i 3.sett, men var egentlig sjanselaus. Erik møtte så Ryan Doghman, kjem også dårlig ut og taper første sett jevnt og havnar under 0-6 i andre sett, greier å snu dette og vinn 2.sett,taper så 3.sett jevne, vinner greit i 4.sett, men er aldri i nærheten i 5.sett. Ingvar vinner så greit i 3 strake sett mot Alexander Hoel, og me har eit lite håp. Erik opnar fryktelig mot Bendik, taper første sett 0-11 ! og ligger under 0-7 i andre sett, vinner 3., men er igjen sjanselaus i 4.sett, og det blir ein skuffande bronsemedalje. Sett ut i frå at me har eit ungt lag så er bronsemedalje ein god prestasjon, men der og då var det skuffande.
Vårt andre lag (Steffen,Emil,Jørgen i første kamp)møtte eit sterkt Jevnaker lag i første runde. Emil var nære på gevinst i sin kamp. Steffen,Emil,Bjarte taper så 0-3 klart for for Randesund 2,taper jevnt for Moflata,men vinner greit mot B72-3.
I gutar 11 år møter Stord B72 sitt gode lag i 1.runde. Jan Roger,Andreas og Kristoffer spelar bra, men taper ein jevn lagkamp 1-3, og kan dermed ikkje bli betre enn nr 9. Dei vinner sine neste to kampar mot Harestua og B72 2 og kan vera fornøgd med innsatsen.


Oppsummering frå dag 2 og dag 3 kjem seinare i kveld
Oppdatert : 29.03.2011

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002