5 gull, 5 sølv og 3 bronse under NM senior

Her er oppsummering av klassar frå senior NM.
Herrer lag
Stord 2 med Erik, Thomas S og Georg møte Eiker og taper med 1-3 etter at Georg slo Jan Sandberg 3-0. Positive tendensar frå alle 3. Thomas tar sett mot Martin Røste og Vegard Sandberg, og Erik tar sett mot Vegard Sandberg.
Stord sitt førstelag vinner enkelt 3-0 mot Moflata, Thomas S, Atle og Tommy er ikkje trua i nokon av setta. I kvartfinalen mot Fokus blei det 3-2 siger. Geir vinner greit mot Chriss Jonassen og Eskild Lindholm. Roger taper enkelt mot Eskild, men slår Chriss greit. Thomas taper enkelt mot Andreas Aulie. I semifinalen mot Heddal startar det greit med Geir som slår Erik Doval. Roger spelar bra mot Istvan Moldovan og har 2-1 og 10-7, men rotar vekk alle 3 matchballane og taper kampen. Tommy spelar veldig bra mot Alain Doval og vinner, men Geir taper for Istvan og Roger taper 0-3 for Erik og dermed blei det kun bronsemedalje. Dette var sjølvsagt skuffande, me gjekk for gull. Men det viser og at nivået blant dei beste er så høgt at ein må spela på topp heile tida. Me tok nederlaget med fatning og reiste oss stort i resten av meistetskapet.
Herrer dobbel
Geir og Roger var toppseeda, spelar godt under heile klassen, taper kun 2 sett og vinner overbevisande 3-0 i finalen mot Espen Rønneberg/Johannes Bratlie.

Funksjonshemma open single
Sølv til Tommy og bronse til Thomas er absolutt godkjent. Vinnar Andreas Aulie var ein klasse for seg denne gong.

Funksjonshemma sitjande dobbel
Me kan gratulera Tommy/Christin med gull og Bjarte/Atle Kristian Kolbeinsen,Bærums Verk med sølv

Funksjonshemma ståande dobbel
Gull til Thomas som spelar i lag med Andreas Aulie. Også flott bronsemedalje til Nils Arne Stuve som spelte saman med Sverre Valderhaug. Sjølv om Nils Arne spelar for Hardanger, reknar me han som ekte Stord BTK spelar, så me tek med han og

Herrer B dobbel
Sølv til Atle som spelte saman med Kjell Stordal er absolutt godkjent. Samarbeidet fungerte godt, men me blei litt passive i finalen seier A.I.
Erik/Georg spelar også bra og får 5.plass

Herrer B single
Flott bronsemedalje til Georg som spelar heilt på topp i kamp mot mange gamle og rutinerte spelarar. Erik spelar og bra, går vidare frå pulja, men taper første kamp. A.I. er for stiv og støl etter dobbel, men karrar seg vidare frå pulja, men taper første kamp. Raymond spelar bra i pulja og vinner den, men taper første kamp. Thomas S går ikkje vidare frå pulja

Mix dobbel
Roger/Therese Andersen spelar under pari og ryker i kvartfinalen

Sitjande single
Nytt enkelt gull til Tommy, sølv til Christian

Ståande single
Thomas greit til finalen, men taper enkelt for ein sterk Andreas Aulie, men flott sølvmedalje

Herrer single
Kongepokal til Geir(sjå eget innlegg). Tommy tar eit sett mot Magnus Mæland i pulja, Thomas I burde tatt to sett mot Espen Flaglien
Roger får hard konkurrane i 3 sett av Marcus Wærstad, men vinner greit kampen. I kvartfinalen mot Istvan Moldovan gir han vekk 2 enkle sett og det står 0-3, Roger tar seg saman og spelar glimrande og utliknar til 3-3 etter å ha redda 3 matchballar i mot, men får dårlig start i 7. sett og taper enkelt.

Totalt sett
Me svikta litt i lag, ellers er me veldig godt fornøgd med 5 gull, 5 sølv og 3 bronse. Og ikkje minst godt fornøgd med at Geir tar sin 10. kongepokal

Oppdatert : 06.03.2011

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002