Geir tok sin 10. kongepokal i helga

Etter ein triller av ein finale, greidde Geir endelig å ta sin 10 kongepokal !
Geir blei dermed historisk, som einaste spelar gjennom tidene med 10 kongepokalar. På veg mot semifinalen vant Geir 4-2 mot Erik Doval og 4-1 mot Chriss Jonassen, som begge beit godt frå seg og pressa Geir innimellom. I semifinalen blei det overbevisande 4-0 mot Wang Bing. I finalen mot Istvan Moldovan,Heddal fekk Geir ein grei start og tok 1.sett, så tok Istvan 3 rake sett og hadde marginane med seg. Det såg svært stygt ut i 4.sett då Istvan leda 10-7, men Geir redda mesterlig alle matchballane og utlikna til 2-3. I 4.sett kom Geir igjen bak i starten av settet, men henta seg mesterlig inn igjen og vant 11-7. Då var det meir enn nok spenning for Pumaen som gjekk ut. Geir leverte sterkt spel i 7.sett og leia heile vegen. Det stod 7-7, men Geir spelte bestemt på slutten og vant 11-7.
Me gratulerar Geir med NM tittelen, og kjem tilbake med eit eget innlegg om resten av NM
Oppdatert : 06.03.2011

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002