Klart for veteran NM i Grimstad i helga

I helga er det klart for veteran NM, og Roger og Atle har fått med seg Svein Kåre Kloster(bilde frå 1977) på laget i år. Me er seeda som nr 4 i lag 35 år, men vil nok møta hard motstand mot ein eventuell semifinale. Roger er blant favorittane i singe,dobbel med Bent Hovden og mix dobbel med Ann Mjelva. Atle er seeda som nr 7 i single 50 år, og spelar dobbel med Øyvind Christensen,Kjelsås. Det har blitt medalje dei to siste år i lag med Øyvind, men det blir stadig hardare nivå. Svein Kåre nøyer seg med lag. Det er ny rekord med 173 påmeldte til veteran NM.
Bilde viser ein 15 år gamal Svein Kåre Kloster etter siger i junior NM single i 1977 på heimabane på Stord. Me kan lesa i avisene at det var minst 300 publikumere på tribunen under finalen i det som no blir kalla for gamlehallen. Vidare står det at "Da singletittelen var sikret føltes det som om taket i den fullsatte Stord Idrettshall skulle lette" Ein av dei som var med og letta taket, var faktisk Thor Gunnar Bjelland, som dermed fatta interesse for bordtennis. Svein Kåre Kloster flytta til Sverige for å gå på bordtennisgymnas sommaren 1978, og no er han tilbake i Stord drakta igjen. Det skulle gå heile 32,5 år før det skjedde ! Svein Kåre har fått trent litt med Randesund siste månaden så får me sjå korleis det går med laget. Uansett sporty å stilla opp på kort varsel 25 år etter at du la opp.
Oppdatert : 28.01.2011

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002