Stor seriehelg og Tommy på idrettsgalla i helga

I helga er det serierunde i 1.div,3.div.,4.div.,,5.div. og ikkje minst Tommy skal på idrettsgalla på Hamar.
Tommy er nok ein gong nominerte til idrettsgallaen som årets funksjonshemma utøvar, me kryssar fingrane, følg med på NRK på laurdag kveld. Først skal Tommy i aksjon i 1.divisjon i Oslo der det er kamp mot Fokus 2 laurdag og kampar mot B72-2 og Stavanger på sundag. I 3.divisjon er det toppoppgjer i Bergen når Stord 3 skal ut i kamp mot Heros 2 og Laksevåg 2 på laurdag. I 4.divisjon tek Morten Kleven og co på Stord 4 i mot Laksevåg 3 og Fjell 3 på sundag. I 5.divisjon skal Stord 5 til Skjoldar laurdag og prøva å få revansj mot Skjoldar 1 og 2, og på sundag er det heimakamp mot Stavanger 6
Me håpar alle lag tek mange poeng og at Tommy går til topps, sjølv om han møter hard konkurranse
Oppdatert : 06.01.2011

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002