3 klassesigrar under NC i Bergen

Georg vant gutar 14 år,Thomas funksjonshemma open og Roger herrer open, i tillegg var det mykje bra spel.
Igjen var Georg best av våre yngre, då han vant gutar 14 år og tok andreplass i gutar 13 år og viser solid spel for tida. Thomas vinner enkelt funksjonshemma denne gong, Roger vinner greit herrer open på sundag. Laurdag tar han 3.plass i herrer elite, men burde ha vore i finalen. Roger ledar 3-0 og 9-6 mot Li Jiale frå Laksevåg og skulle hatt sigeren, men kanskje gjekk det litt for lett. Jiale kjem meir og meir inn i kampen og det blir tilslutt tap for Roger.
Thomas spelar bra i junior og når kvartfinalen etter enkel siger mot Jørgen Tønsberg Johansen i 8-dels finalen, taper for den klare vinnaren Lars Rønneberg. Ingvar spelar bra i gutar 15 år og tar sin andre 5.plass i NC. Ingvar har forørvig tidenes opphenting mot Jonas Tronrud, ligger under 1-2 i sett og 2-10 i 4.sett og har vel gitt opp, men tar seg saman og vinner tilslutt kampen. Erik tar 3.plass i gutar 13 år og 5.plass i gutar 14 år, men er langt frå toppformen og går på to forsmedelige tap i puljespelet. Morten S. kjem som vanlig i knallharde puljer både i gutar 14 år og gutar 13 år, men spelar veldig bra innimellom, 3.plass i gutar 12 år. Morten K. har eit stevne på det jevne og er nok ikkje heilt nøgd. Sindre,Torstein,Emil,Jørgen,Jan Roger og Robert møter som venta hard motstand, men alle viser bra spel og fin framgong. Dei begynner etterkvart å få meir forståelse for korleis ein bygger opp spelet. Best gjorde Sindre det med 3.plass i gutar 13 år rekrutt.
Ellers er det bra laginnsats i gutar 15 år med 5 spelarar til 8-dels finalen
Me overnatta på Midttun Motell og hadde ein fin tur på Peppes Pizza på Nesttun, der Johannes Bratlie serverte oss god pizza til hyggelige prisar.
Arrangørklubbane Fjell/Heros gjer ein god jobb og har mange funksjonærar og egne domarar,sjølv om det var litt trangt i Fyllingsdalen med 18 bord. B-hallen var ikkje heilt på topp med dårlig plass og litt glatt golv, men me ønskjer heller ekstra klassane på litt dårlig plass om alternativet er at dei ikkje blir spelt. Hallproblemet var forøvrig utanfor arrangørklubben sin kontroll, då dei mista Haukelandshallen til europacup i håndball
Oppdatert : 24.11.2010

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Årsmelding Stord BTK 2017
Årsmøte mandag 19. mars kl.20.00
Resultat Vestlandsmeisterskap for veteranar 2017
Resultat veteran KM 2017
Innbydelse veteran KM og VM

www.stordbtk.no © 2002