3 nye klassevinnarar andre dag av Siddistreffen

Georg i gutar 15 år, Thomas S i funksjonshemma og Emil Gundersen i nybyrjarklassen var våre tre klassevinarar sundag.
Georg vant ein jevn finale mot Pål Arne Røsdal,Fokus som forøvrig slo ut Ingvar i semifinalen i ein jevn kamp.
Thomas vant greit funksjonshemma open og finalemotstandar var "vår egen" Nils Arne Stuve som spelar for Hardanger.
I nybyrjar sundag var det Stord dominans då Emil slo Sindre i finalen, og med Torstein på 3.plass. Thomas tok 3.plass i herrer junior etter tap 1-3 for ein spelar frå Polen. Morten S. tok 2.plass i gutar 12 år etter knepent tap for Jonas Tronrud,Eiker, men nermar seg og me trur Morten vinner neste kamp innbyrdes. Ingvar tok ein sterk 2.plass i herrer C etter jevnt tap i finalen for Nick Olsen,Kvik Næsted, og Georg tapte for samme mann i kvartfinalen. Ein spelar som forøvrig aldri skulle ha vore med i herrer C, sidan han har 200 poeng meir enn grensa, så her har det vore ein glipp. Ingvar tok forøvrig ein enkel siger mot Jan Sandberg i semifinalen og slo også fleire andre bra spelarar på veg mot finalen.
Ellers hadde me ein fin tur med to overnattingar på Åmøy Fjordferie i flotte hytter. Alle dei yngre spelarane viste mykje fint spel og god framgong, og alle oppførte seg flott både ved bordet og utanom. Stavanger BTK arrangerte som vanlig ein flott turnering med mange gode spelarar. Alltid kjekt å koma til Stavanger Idrettshall og treffa gamle kjente frå 70 og 80 tallet
Oppdatert : 07.11.2010

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002