3 klassesigrar på regionscup laurdag

Georg vant både 13 og 15 år utan å tapa ein kamp og fortsetter den gode formen, Ingvar vant herrer C. Georg har vist veldig fin form i det siste, og vinner alle kampane utan problemer. Ingvar taper kvartfinalen i gutar 15 år for Tobias Vikør, men tar det igjen i herrer C der han går heilt til topps etter finalesiger over ein spelar frå Latvia. Thomas Sætre tar 2.plass i herrer åpen etter finaletap for Jens Rosenbaum, Fjell I herrer C blir det 3.plass til Raymond som trekker seg frå semifinalen då stevnet drøyde veldig ut. Morten Kleven tar ein fin 5. plass i herrer C, taper for Simon Simmenes, Heros i ein jevn kamp.
Normalt sett kjem me ikkje med kritikk av andre arrangørar, då dei fleste gjer ein god jobb og gjer så godt dei kan, sjølv om det alltid er noko å setja fingeren på, inklusive våre egne arrangement. Sidan det er Otto Hatlebakk som arrangerer så gjer me likevel eit unntak, sidan han er manisk kritisk til alle andre arrangørar, og sannsynlegvis trur han sjølv arrangerer perfekt. Som vanlig når Laksevåg arrangerer, går det fryktelig tregt med avviklinga, ein brukar 8,5 timar på eit så lite stevnet, det henger ikkje på greip. Det er feil i seeding og i sluttspel i mange klassar, utan at dei går inn og rettar manuelt, høgtalar er så lav at ingen høyrer noko, kampane blir ikkje ropt opp, ein må på veggen og sjå kor ein spelar, dette er nokre av tilbakemeldingane frå spelarane våre. Laksevåg sjølv meinar dei arrangerer eit bra stevne. Me er ikkje ute etter kritikk mot alle dei i Laksevåg som står på både i forkant og under stevne, dei gjer nok så godt dei kan, og bra er det. Men alt er ikkje på stell på Laksevåg sine stevner heller, sjølv om leiaren tydeligvis meinar det.
Oppdatert : 24.10.2010

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002