Første dag av Heddalspretten

3 plass til Morten Kleven i herrer D blei einaste plassering blant dei 3 beste. Det var likevel fleire bra resultater første dag. Erik, Georg og Morten S spelte alle i klassar over den dei høyrer heime i, herrer B og gutar 15 år.
Morten K spelte først gutar 15 år rekrutt og gjekk greit vidare frå pulja etter 3 sigrar, det blei ein siger i sluttspelte før det blei tap i kvartfinalen for vinnaren Jon-Martin Soon Hansen, Sarpsborg. I herrer D blei det 2 plass i pulja, og i første runde i sluttspelet blei det ein hard kamp mot Marianne K. Aasen.Heddel, der Morten snuddde 0-2 til 3-2, det blei enda ein siger før det bleit tap i semifinalen. Erik starta dagen dårlig med ein vond ankel som gjorde at han måtte trekka seg midt i første kamp. Jan Sandberg trødde positivt til og fekk litt orden på foten og i gutar 15 år gjekk det betre. Pulje blei vunne enkelt, i sluttspelet vant Erik 3-2 i ein hard 5-sett mot Eirik Madsen. I kvartfinalen spelte Erik bra og pressa Pål Arne Røsdal til 5 sett.
Georg vant 1 og tapte 2 i pulja i B, i gutar 15 år vant han pulja, der eine kampen gjekk til 5 sett. I sluttspelet vant han enkelt første kamp, men tapte litt for lett 0-3 for Bendik Brække Thorstensson i kvarttinalen.
Morten Stokke vant også 1 kamp i pulja i herrer B og pressa også Alf Erik Johannessen til 5 sett, i gutar 15 år gjekk Morten vidare etter 2 sigrar og 1 tap. I sluttspelet overraska Morten ved å slå den fremadstormande Benjamin Overaa,Jevneker(som tidligare på dagen vant herrer B) Det blei tap i 8-dels finalen for Ryan Doghman.
Thomas Sætre spelte herrer B, vant alle kampar i pulja, eine var hard 5-sett, tapte i kvartfinalen i sluttspelet. I elite vant Thomas ein kamp, og spelte 4 jevne sett mot Vegard Sandberg.
Alt i alt ein ok første dag for våre 4 spelarar
Oppdatert : 18.09.2010

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002