NM senior siste dag

Me hadde satsa på å ta kongepokalen i herrer single, det blei kun 2.plass på Geir.
Geir var ikkje på topp i helga og rauk ut i semifinalen i single for Istvan Moldovan etter ein jevn kamp. Etterpå fekk Istvan underkjent racketen sin og blei diska. Dermed fekk Geir spela finale, men greidde ikkje heller der å nå opp mot sitt beste og Espen Rønneberg vant eit fortjent NM gull. Roger gjekk greit til kvartfinalen, men var heilt ute av slag i kampen mot Wang Bing, ingenting stemte og det blei klart 1-4 tap. Hallvard spelte ein bra singleturnering, vant 4-1 mot Pål Francis Aarås i kvartfinalen etter fleire jevne sett. I kvartfinalen hang han delvis med i noken sett mot Istvan Moldovan, men tapte 1-4, alt i alt eit greit resultat. I herrer B double blei det to 5 plassar ved Raymond Espenes/Tommy Urhaug og Atle Irgens/Thomas Irgens. Raymong og Tommy tapte 1-3 for vinnarane Knut Johannes og Sverre Hartveit. Atle/Thomas hadde full kontroll mot Pål Lilleseth/Jørgen T.Johansen, vant enkelt 1. og 2. sett og leda 5-1 i 3.sett, men så var det full stopp. I funksjonshemma ståande blei det sølv på Thomas etter tap for Andreas Aulie i finalen. Tommy hang bra med i eit par av setta, sjølv om det blei 0-3
Oppdatert : 08.03.2010

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002