Oppsummering av seriespel laurdag

Me startar med eliteserien: Stord spelte 3-3 mot Fokus og vant 4-0 mot Høyenhall, det må me vera fornøgd med. Mot Fokus vinner Roger 2 kampar, sterke sigrar mot Henrik Rosvall og Kristoffer Hellerud, og Hallvar slår Eskil Lindholm. Me vinner alle våre kampar med 2 poeng i 5.sett og me taper dei tre andre kampane med 0-3, så me fekk god uttelling. Mot Høyenhall var det kun Hallvard som hadde problemer mot Terje Herting, og vant knepent i avgjerande sett, dei andre kampane gjekk greit. For Leirvik kunne det blitt poeng mot Høyenhall, det blir 1-4 tap i ein jevn kamp, der Vanja slår Espen Flaglien, og taper med 2 poeng i 5.sett for Terje Herting, samt at Tommy taper 2-3 for Espen Flaglien. Vanjar vinner også mot Eskil Lindholm, og det blir 1-4 tap for Fokus. Tommy spelar ein god kamp mot Jalal Mohammadi og pressar han til 5 sett. I morgon står B-72 for tur, og det må bli poeng skal det vera noko håp om plass i sluttspelet.
I 3.divisjon vant Stord 3 enkelt alle 3 kampane i dag,10-0,8-2,9-1. Tapa kom ved Erik og Thomas mot Anders Hovden og Erik mot Linn C. Gjelseng. Stord 3 ligger no på ein fin 2.plass bak Stavanger 2. I 4.divisjon vant Stord 4 8-2 mot Fjell 2 og alle spelarane leverte bra spel. Mot Heros 6, blei det 2-8 tap, men det var ein jevn kamp der 5 av Stord 4 sine tap var med 2-3 i sett.
Oppdatert : 09.01.2010

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002