For tøft mot dei rutinerte frå Haugesund i 4.divisjon

Som venta blei det litt for tøft for Georg,Marius og Christian i 4 divisjon onsdag. Stord 4 møtte Haugesund som er klare favorittar til å rykka opp, og det enda med 0-10 tap med 0-3 i alle sett. Det blei allikavel verdifull er faring og god matchtrening for våre yngre. På Haugesund spelte Andreas Johansson, Per Bohman, samt evigunge Øystein "Keegan" Strand, som forøvrig åleina var eldre enn heile Stord 4 tilsaman...For Stord 4 blir det viktigaste å klara å behalda plassen i 4.divisjon, så det blir nokre spanande kampar vidare i serien. Haugesund rykker nok opp til 3.divisjon, og held nok også 2.divisjonsnivå.
Oppdatert : 10.12.2009

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Regionsmeisterskap 2019
3. del av trekking regionsmeisterskap
2. del av trekking regionsmeisterskap
Regionsmeisterskap 2019
Regionsmeisterskap laurdag 25. mai

www.stordbtk.no © 2002