Norges Cup Molde lørdag

Alle tre gutane tok seg lett til sluttspelet i 13 års klassen, der tapte Georg mot Ryan Doghman etter mykje bra spel, Morten og Erik vant sine første suttspelkampar lett og tok seg til kvartfinalar. Morten møtte her Martin Falang og tapte desverre 3-0, men mykje bra spel, særleg i siste sett. Erik møtte Aleksander Hoel og vant overraskande 3-0, veldig bra spel. I semien møtte han Bendik Brekke Thorfinsson, litt rufsete spel men 3-1 siger. I finalen skal han atter ein gong møta Martin Falang. Finalen vart einvegskjøring frå Martin si sida, Erik kom aldri i gong og tapte 3-0.
Georg og Erik spelte seinare junior, Georg fekk det tøft i puljespelet og rauk ut etter 13-11 i avgjerande mot Ryan Doghman. Erik gjekk vidare frå si pulje som nr. 2, i første kamp i sluttspelet overraska han alle med å slå Knut Johannes Hartveit frå Heros 3-2. Neste kamp var mot Eskil Lindholm der Erik spelte kjempebra, men 3-0 tap.
Morten spelte seg lett fram til semien i gutar 11 der han møtte Ilka Doval som han tapte 3-1 mot, han vant første sett men stoppa opp etter det. Alt i alt er gutane godt nøgde med første dag i Molde.
Oppdatert : 28.11.2009

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002