2 klassesigrar til Stord under lagcup i Bergen i dag

I dag deltok Stord med 11 spelarar under lagcup i Bergen. Det blei to klassesigrar til Stord i dag.
Bildet: Jan Roger Andersson/Bård Skogen, vinnarane av gutar 11 år lag
I gutar 15 år blei det mange jevne lagkampar. Annne-Margrethe blei nr 3 i lag med Linn Cecilie Gjelseng, Laksevåg. Georg og Marius tok 4.plass, men var einaste laget som slo vinnarane Christian Bakke/Tobias Vikør, Heros, så jevnt var det. I 13 år lag vant Erik og Morten. Dei fekk ein dårlig start mot Erlend Skeie Liland/Sveinung Hartveit og låg under med 0-2, men kom mesterlig tilbake og vant 3-2 etter bra spel på slutten. Steffen tok 3.plass i lag med Aleksander Norheim, Hardanger. Steffen spelte også bra, blant anna ein fin opphenting mot Nick Sakov, låg under med 6-10 i 3.sett og vant 12-10.
I gutar 11 år blei det ein overraskande og gledelig siger til Jan Roger i lag med Bård Skogen frå Etne. Jan Roger har vist fin framgong i det siste, og leverte bra spel i fleire kampar. Spesielt 2-0 sigeren over Simon Feng frå Hardanger i første kamp var veldig overraskande, og gjorde at Jan Roger og Bård slo ut favorittane frå Hardanger
Stord hadde også med 4 andre rekruttar som er veldig ferske, Robert, John Ivar, Aslak og Tobias spelte også nokre gode kampar:
Resultater lagcup for yngre 1.nov.2009

Gutter 15:
1. Heros 2 (Christian Bakke/Tobias Vikør)
2. Heros 1 (Pia Dyrkolbotn/Sverre Liland Hartveit)
3. Stord/Laksevåg (Anne-Margrethe Leirvik/Linn Cecilie Gjelseng)
4. Stord (Marius Salomonsen/Georg Selsvold)
5. Heros 3 (Per Liland Hartveit/Eirik Støldal)

Gutter 13:
1. Stord (Erik Berge Saue/Morten Stokke)
2. Heros 1 (Sveinung Liland Hartveit/Erlend Skeie Liland)
3. Stord/Hardanger (Steffen Salomonsen/Aleksander Norheim)
4. Laksevåg (Nick Sakov/Andreas Flåm)
5. Heros 2 (Thomas Heskja/Asbjørn Sandberg)
6. Bergen HIL (Thomas Aa Nummedal/Bård/Bergerud)
7. Bergen HIL 2 (Espen Larsen/August Mestad)
8. Stord 2 (Robert Sylta/John Ivar Koppang Hjelen)
9. Fjell (Johannes Binder/Matias Haaland)

Gutter 11:
1. Etne/Stord (Bård Skogen/Jan Roger Andersson)
2. Laksevåg (Benjamin Hatlebakk/Egil Lunde)
3. Hardanger (Simon Feng/Jack Feng)
4. Stord (Aslak Espeland Solhaug/Tobias Hukset)
5. Laksevåg/BergenHIL (Thomas Johnson/Martin Nummedal)
6. Heros (Jan Erik Berentsen/Kasper Bordvik)

Jenter:
1. Heros 1 (Marie Liland Hartveit/Annelise Liang)
2. Heros 2 (Charlotte Nydal/Hedvig Lyngedal)
3. Heros 3 (Gunhild Eckhoff/Margit Sandvik)

Oppdatert : 01.11.2009

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002