Svak dag i eliteserien for Stord

Det blei 4 strake tap for Stord og Leirvik i eliteserien i dag, no blir det kamp om å nå sluttspelet. Thomas Irgens debuterte i eliteserien med siger i første kamp.
Det opna bra mot Fokus då Roger overbeviste med 3-0 mot den sterke svenske deffen Henrik Rosvoll, og Hallvard følgte opp med solide 3-1 mot Eskil Lindholm og gav Stord 2-1 leiing.Roger opnar bra mot Kristoffer Hellerud, men Kristoffer kjem tilbake og vinner kampen. Hallvard tar eit sett mot Henrik Rosvoll, og med litt betre taktisk spel, kunne det kanskje blitt siger. Atle er som venta ikkje i nærheten av å vinna mot Kristoffer og Eskil.
Tommy fekk speleforbud ei veka av legen sin etter gårsdagens kampar, og då var det klart for eliteseriedebut for Thomas Irgens. Han opnar svært bra og vinner forholdsvis enkelt 3-1 mot Magnus Mæland. I resten av kampane er me ikkje i nærheten av å ta sett. Stord mot Høyenhall skulle vera 2 sikre poeng, men sånn blei det ikkje. Roger vinner enkelt 3-0 mot Magnus Mæland, og Atle taper 0-3 for Hao Donglong, etter nokre fine ballar. Hallvard mot Andreas Aulie trudde me skulle bli forholdsvis enkelt, men Andreas Aulie kjempa Hallvard ut av stilen og det blir 0-3 tap for Hallvard. Roger skada seg i armen mot Fokus, og sliter med å loopa, prøver å slå Hao Donglong taktisk, det held nesten, men det blir tap 2-3. Atle mot Andreas Aulie, blir ein kamp der Andreas styrer alt og har full kontroll, og dermed 1-4 tap for Stord. Leirvik mot Fokus 0-4, igjen er Thomas Irgens beste mann, har god mulighet i to av setta mot Jalal Mohammadi.
I neste serierunde i november får me forsterka laget vårt med 2 gode svenskar. Me møter Modum og Laksevåg i midten av november, 2 harde kampar
Oppdatert : 27.09.2009

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup 1. og 2. desember
Regionsmeisterskap med 19 deltakarar 25. august
Stord Cup 1 og 2 desember
Regionsmeisterskap laurdag 25. august
Årsmelding Stord BTK 2017

www.stordbtk.no © 2002