Tommy vant open klasse i Polen torsdag

Tommy er tilbake i godt gamalt slag etter sjukdomen som satte han ut av EM i sommar, og gjekk til topps i open klasse i Polske opne torsdag. Du kan lesa Tommy sitt referat på hans egen heimaside: tommyurhaug.com
Thomas Sætre vant 3-0 i 1.runde mot ein frå Polen i open ståande klasse. I andre runde fekk han det hardare og måtte tilslutt gje tapt med 1-3 for ein spelar frå Slovakia.
Thomas leverte allikavel bra spel og pressa slovaken i fleire sett( han er ranka som nr 5 i klasse 8 og nr 17 uansett klasse i verden)
Thomas spelte også 1 puljekamp i ståande klasse 9, der det blei tap 0-3 for 1.seeda Bellais,Frankrike. Thomas hadde settball i første og tapte også 2.sett knepent 9-11. Thomas spelar fleire puljekampar fredag og Tommy kjem inn i cupspelet i sitjande klasse 5 fredag
Oppdatert : 04.09.2009

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Regionsmeisterskap med 19 deltakarar 25. august
Stord Cup 1 og 2 desember
Regionsmeisterskap laurdag 25. august
Årsmelding Stord BTK 2017
Årsmøte mandag 19. mars kl.20.00

www.stordbtk.no © 2002