Svensk elitespelar klar for Stord BTK

Den svenske elitespelaren Henrik Olsson(bilde lånt av Hallandsposten) er klar for spel i eliteserien for Stord BTK komande sesong. Henrik Olsson har i år spelt for Halmstad BTK i svensk eliteserie og hadde ein matchkvote på 19-11. Henrik Olsson er ranka som nr 40 i Sverige, og er blant anna svensk mester i Herrer 20 år både i single og double i 2001, han er også svensk meister i mixdouble i 2000 og er seriemeister med Halmstad i 2003. Stord BTK har med dette fått ein solid forsterkning på eliteserielaget til neste sesong, og med Roger Andersson og Hallvard Fjell i tillegg har me eit sterkt lag.
Oppdatert : 12.06.2009

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002