Jan Anders vår nye golfspelar ?

Frå før har Atle,Thomas,Thor Gunnar,Carsten og delvis Jørn Kenneth og Nils Arne blitt beten av golfdilla, no kan det ligga til rette for Jan Anders.
I dag fredag var det ein spesiell golfturnering på Stord Golfbane. Dei som spelar aktivt hadde med seg ein som ikkje spelar golf. Den aktive slo alle slag på banen, mens den ferske slo alle puttane på greenen. Thomas hadde med seg Jan Anders, og begge overbeviste stort og gjekk heilt til topps med 43 slag på 9 hol(8 over par) Og premien den var eit gratis Grønt kort kurs, so no må nok Jan Anders setja seg på kurs benken, så er han nok snart i gong.
Oppdatert : 15.05.2009

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002