Det har vore alletiders innsats frå dei tre som har spelt Partillecup lørdag. Det starta med Erik som spelte gutter 13 på morgonen. Etter to seira vart da tap i den tredje kampen i pulja og dermed rauk han ut med minste margin. Thomas starta eldre junior litt seinare på dag og tok seg her til kvartfinalen der han tapte 3-0, men mykje bra spel av Thomas. Anne-Margrethe var sist ut og spela eldre junior jenter der ho ikkje kom vidare frå pulja, men ein fin siger vart det her. Erik spela så i gutar 11 år der han etter bra spel tok seg vidare frå pulja med 3 seirar. Han spela seg deretter fram til semifinale etter mange utrulegt jamne og spanande kampar, i semien møtte han Malte Möregårdh, BTK Frej, som seinare vant gutar 11, som han tapte 3-0 for etter kanonspel i dei to siste setta, (15-17 og 11-13). Anne-Margrethe tok seg også lett vidare frå gruppa si i jente 14, og spela seg fram til kvartfinale der ho tapte 3-2 i sett og 14-12 i siste og avgjerande. Thomas tok seg lett vidare frå si pulja i Herre 4 og ventar i skrivande stund på sluttspelet, me kjem tilbake med meir.......Og her er meir, Thomas spela seg fram til ein kjempeflott semifinale der han måtte gi tapt. Alt i alt ein flott cup for våre spelarar. Oppdatert : 02.05.2009