Stord blei beste klubb under lagcupen i bordtennishallen i dag

I dag var det 3. og siste lagcup for klubbane i Region Vest. Stord leda med knappe 3,5 før Heros etter 2 rundar, men vant veldig klart i dag, etter god innsats av alle, ikkje minst frå jentegruppa som me ser på bildet.
Klubbane får 1 poeng pr deltakar + 1 poeng for kvar kamp ein frå klubben vinn, og så er det 4 poeng for 1.plass, 3 poeng for 2. plass og 1 poeng for 3. plass i alle klassar.
Stord hadde med 9 jenter og når Heros kun stilte med 2 i jenteklassen, så blei det klar siger samanlagt til Stord.
Stord vant med 114 poeng før Heros med 62 poeng og Fjell 28 poeng og Etne 17 poeng i dag. Det var mykje bra spel av alle i dag, og alle bidrog sterkt til sigeren. I jenteklassen var det Elisabeth og Karoline som gjekk til topps, med Benedicte og Karin på 2. plass, men også dei andre jentene hadde god innsats og viste fin framgong.
I gutar 13 år gjekk Erik og Ingvar til topps etter 4-1 mot Fjell, Ingvar vant her ein sterk siger mot Jens Rosenbaum. Ellers plukka Erik,Morten,Morten,Georg,Steffen og Marius viktige poeng heile vegen. Bjarte får det som venta hardt mot dei ståande spelarane, men han vant eit sterkt sett mot Fjell, og spelte mange gode double kampar i lag med Morten. I gutar 15 år blir det 2.plass til Thomas og Christian. Thomas vinner alle sine kampar, og Christian vinner den viktige avgjerande kampen mot Heros 2, som sikra 2.plassen.
Denne lagcup konkurransen går over 3 helger i sesongen og dette var siste helg. Stord blei vinnar samanlagt og får eit klubbtilskot frå region vest på kr 10.000,- som vinnar.
Her er sluttstillingen:
1.Stord 217,5 poeng
2.Heros 162 poeng
3.Fjell 89,5 poeng
4.Etne 54,5 poeng
5.Bergen HIL 23 poeng
6.Norheimsund 18,5 poeng
Oppdatert : 25.04.2009

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002