Flott bronse til Stord i lag i junior NM

Stord BTK sitt juniorlag tok ein flott bronsemedalje i Oslo i dag under NM. (Her eit bilde frå NM for yngre 2007 då samme lag tok bronse)Det blei ein svært jevn kvartfinale mot Jevnaker. Hallvard vinner som venta 2 kampar. Thomas taper første kamp med 0-3 for Georg Ludvigsen. Jan Anders spelar ein bra kamp mot Tonny Kuan, men taper 1-3. På stillingen 2-2 skal Thomas ut i avgjerande kamp mot Magnus Winger, og dette skulle bli ein uhyre dramatisk og spanande kamp. 11-6 til Thomas i 1.sett, så tapte han 14-16 og 8-11, i 4.sett låg han under, men snudde det til 11-9. I siste sett låg Thomas under med 8-10, men redda begge matchballen + ein til seinare og vant til slutt 15-13. I semifinalen mot Eiker blei det tap 2-3. Hallvard var ikkje i slag mot Vegard Sandberg og tapte 1-3. Thomas spelte veldig bra og vant 3-2 mot Thomas Andrè Knive, og Hallvard kom igjen og vant greit mot Pål Francis Aarås, så det var veldig nære ein finaleplass på Stord. Alt i alt var det bra med bronse.

Oppdatert : 17.04.2009

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002