NM oppsumering

Stord BTK tok 1 gull, 3 sølv og 1 bronse i tilegg til fleire andre gode plassar.
Stord BTK hadde med 11 spelarar under NM for yngre på Lørenskog i helga.
Det var beinhard konkurranse med heile 250 deltakarar totalt. Stord BTK sine spelarar hevda seg bra i mange klassar. Spesielt i dei yngste klassen for 11 åringar.
Det starta fredag med lag, og i lagkonkurransen for 11 år, spelte Stord seg heilt fram til finalen etter mange harde kampar. Spesielt i semifinalen viste dei god fightervilje. Her låg dei under med 1-2 for Modum, men kom sterkt igjen og vant 3-2. I finalen blei dessverre Fokus for sterke denne gong.Alt i alt ein veldig god innsats med mange nervepirrande kampar og dei ”tre små s-ane” Erik Berge Saue, Morten Stokke og Georg Selsvold bidrog alle sterkt til den flotte sølvmedaljen.
I lagkonkurransen for 15 åringar blei det tilslutt ein 13 plass til Stord BTK sitt 1. lag med Thomas Irgens, Ingvar Rafdal og Marius Lande Salomonsen. Thomas Irgens spelte solid og tapte kun ein kamp, men marginane i dei andre kampane var ikkje på vår side, det kunne fort ha blitt ein kvartfinale. Stord 2 med Steffen Lande Salomonsen, Bjarte Espe, Morten Rasmussen Kleven og Christian Teigen gjorde ein bra innsats og kom på 20 plass av 27 lag.

Under laurdagens kampar tok Stord BTK både gull og sølv i funksjonshemma open. Steffen Lande Salomonsen tok gull og Bjarte Espe tok ein flott sølvmedalje. Dette viser igjen at Stord BTK er leiande klubb i Norge når det gjelder å satsa på funksjonshemma spelarar.
I gutar 15 år double gjorde Thomas Irgens/Ingvar Rafdal det best, og spelte seg greit fram til kvartfinalen, der det blei tap for vinnarane Lars Rønneberg/Vegard Sandberg, Kobra/Eiker.
I gutar 11 år double blei det ein ny sølvmedalje til Erik Berge Saue, som spelte saman med Erlend Skeie Liland, Heros. Dei tapte knepent 9-11 i 5 sett for vinnarane Martin Faland/Simen Mykland, Modum. I gutar 13 år med 110 deltakarar, var det Ingvar Rafdal og Erik Berge Saue som gjorde det best med ein delt 9. plass. I B sluttspelet spelte Steffen Lande Salomonsen bra og fekk ein fin 3.plass.

Sundag var det single i gutar 11 år, og her tok Erik Berge Saue bronsemedalje. Det var ein jevn semifinalen, men Erik blei litt for passiv og tapte knepent. Morten Stokke og Georg Selsvold spelte også bra og fekk henholdsvis 5 og 9 plass. Bra laginnsats i ein klasse med 54 deltakarar.
I gutar 15 år single med 110 deltakarar, var det som venta Thomas Irgens som gjorde det best.
Han kom utan problem fram til 8-dels finalen, og møtte her den seinare vinnaren Lars Rønneberg, Kobra. Thomas førte heile fyrste sett og leda 10-8, men uheldigvis glapp det mot slutten. Hadde han tatt fyrste sett kunne han hatt sjanse på siger.
Anne-Margrethe Leirvik var einaste jente frå Stord. I single 15 år gjorde hu ein bra innsats og slo ein spelar som er høgare ranka i innleiande pulje, men tapte på 1 sett mindre for å gå vidare. Samam med Thomas Irgens var det også bra spel i mix double der dei tilslutt enda på 9 plass.
Totalt sett eit bra NM for Stord BTK, sjølv om me hadde litt større forhåpningar i enkelt klassar. Me hadde i tillegg ei veldig fin helg sosialt, med mange spelarar og mange foreldre tilstades. Stord BTK har ein god rekruttering, spesielt i dei yngste klassane og det er kun Thomas Irgens som er for gamal for NM neste år. Me har eit år med god trening framfor oss, og me satsar på å gjera det enda betre neste år, samt at me også har som mål å stilla enda fleire deltakarar.

Oppdatert : 29.03.2009

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002