Stord BTK stille med 11 spelarar i NM for yngre i helga

I helga er det klart for NM for yngre på Lørenskog, og Stord stiller ein stor tropp på 11 spelarar. Her er alle spelarane samla med nye draktar og klar til innsats.
250 spelarar har meldt seg på til årets NM for yngre og det blir eit av dei største gjennom tidene.
Fredag er det lagspel. Stord stiller to lag i gutar 15 år og eit lag i gutar 11 år. På Stord BTK 1.lagi 15 år spelar: Thomas Irgens, Ingvar Rafdal og Marius Lande Salomonsen og på Stord BTK 2 spelar: Morten Rasmussen Kleven, Steffen Lande Salomonsen, Christian Teigen og Bjarte Espe. 1. laget Heile 27 lag er påmeldt i klassen, Stord sit 1. lag kan koma eit stykke opp på resultatlista om me ikkje er uheldig og møter dei beste laga med ein gong. For Stord 2 sin del blir det å prøva å ta mest mulig kampar. I gutar 11 år spelar Erik Berge Saue, Morten Stokke og Georg Selsvold på Stord BTK sitt lag. Me har eit bra lag i denne klassen som teller heile 20 lag. Det er ikkje seeding i denne klassen så her kan ein møta gode lag med ein gong. Me håpar på god innsats også her.
Laurdag er det klart for Gutar 13 år single, gutar 15 år double, jenter 15 år double, gutar 11 år double, mix double, samt klassen for funksjonshemma der me stiller med Bjarte og Steffen. I gutar double er det Thomas og Ingvar som er vårt beste par, og dei er blitt kvartseeda, men også Steffen/Christian og Marius/Morten har spelt bra i lag på trening. Bjarte spelar saman med Odd Ivar Sande frå Etne, ein fin spelar for Bjarte å spela saman med. Anne-Margrethe spelar double saman med ei jente frå B-72. I mix stiller me med Anne-Margrethe og Thomas, dei fekk ein fin 5.plass i fjor, me får sjå om dei klarar like bra i år. I gutar 13 år er Ingvar kvartseeda, og me stiller i tillegg med 7 andre spelarar. I gutar 11 år double har me to sterke par i Morten/Georg og Erik/Erlend Skeie Liland,Heros.
Sundag er det 15 år og 11 år single. Erik,Morten og Georg stiller i 11 år, resten i 15 år, der Thomas er vår beste spelar.
Det er også B-sluttspel i alle single klassar, samt plasseringsspel i lag, så det blir mykje speling på alle i helga. Som lagleiarar stiller me med Per Steinar, Ole og Atle, samt Håvard som er innleigd frå Norheimsund. I tillegg er det mange foreldre som er med på turen og skal sørga for at det blir rett kosthald på spelarane, nokre av foreldra vil også steppa inn som lagleiarar.
Me trur det skal bli ein kjekk tur til Lørenskog, alle spelarane er friske og i fin form.
Oppdatert : 26.03.2009

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002