Sindre Andreassen til minne

Det var med tungt hjarta me i Stord BTK mottok budskapet om Sindre Andreassen sin bortgang. Sindre har i fleire år kjempa mot kreftsjukdommen, men nær 29 år måtte han gi tapt for denne forferdelige sjukdommen.

Sindre var ein talentfull bordtennisspelar som var heilt i norgestoppen blant yngre og juniorar på -90 talet, han spelte bordtennis fram til 2001/02 og fekk blant anna med seg fleire eliteseriekampar for klubben.
Sindre var ein svært godt likt person i både klubben og rundt om i bordtennis-norge med sitt gode humør og glimt i auga var da alltid ein fornøyelse å væra saman med.
Også etter han slutta med bordtennis har fleire av oss hatt gleden av å ha god kontakt med Sindre.

I denne triste stund der tankane våre går til hans aller nærmaste, vil me takka for alle dei gode minnene Sindre ga oss.

Me lyser fred over Sindre Andreassen sitt minne

Thor Gunnar

Oppdatert : 04.03.2009

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002