Fin helg i Norheimsund

I helga var det Norheimsund Open på laurdag og lagcup sundag. Det blei ei fin helg med mange gode resultater.
I Norheimsund Open blei det to klassesigrar, Thomas Sætre slo Thomas Irgens i finalen i herrer open. Thomas I leda 2-0, men Thomas S kom sterkt tilbake og vant 3-2. Thomas vant som venta gutar 15 år enkelt, i finalen var Ingvar motstandar. Ingvar tok også ein 3. plass i gutar 13 år, samme plass fekk Erik og Morten i gutar 11 år. Ellers var det svært gledelig med 8 jenter på plass i Norheimsund, og det er så vidt me veit ny klubbrekord med jenter utanfor Stord. Dei fekk spelt mange kampar og hadde det kjekt, og alle fekk premie. Det blei også to 3. plassar, Karin Økland i nybyrjar og Cassandra Berge Mehus i jenter 11 år. Me gledar oss veldig over kor ivrige jentene er.
Sundag var det lagcup. I gutar 15 år fekk Thomas/Christian ein flott 2.plass. Dei vant ein svært spanande doublekamp mot Heros i finalen og me hadde tru på siger, men Heros kom sterkt tilbake og vant 3-2. I gutar 13 år hadde me 2 lag i finalepulja. Ingvar og Erik vant tilslutt med Etne på 2. plass, men også ein fin 3.plass til Marius og Morten.
Alle disse 4 gutane pluss Morten, Georg og Steffen hadde mange gode kampar i Norheimsund, og dei har alle tatt gode skritt framover den siste tida.
Oppdatert : 22.02.2009

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Regionsmeisterskap med 19 deltakarar 25. august
Stord Cup 1 og 2 desember
Regionsmeisterskap laurdag 25. august
Årsmelding Stord BTK 2017
Årsmøte mandag 19. mars kl.20.00

www.stordbtk.no © 2002