1 siger 1 tap i eliteserien, 2 tap i 1.divisjon i dag

Hallvard sin rygg blei værre i dag, og Atle måtte steppa inn i begge kampane i eliteserien i dag. Me gjer jobben mot Heros, vinner 4-2 og sikrar sluttspelplassen. Mot Modum blei det som venta nesten umulig utan Hallvard, og det blei tap 1-4.Dong er ubesigra i dag, og har tatt seg kraftig opp spelemessig. Roger spelar bra, men sliter litt med å setta vinnarballen i dag, allikavel brukbart. Atle blir som venta for lett, tar eit sett mot Gaute.
I 1.div blei det to tap, men positiv rapport, 2-8 tap for Kjelsås, sterkt av Tommy som tar 2 kampar. Thomas Irgens henger med i 5 sett både mot Eskil Høksnes Wilhelmsen og Jonas Andresen, det samme gjer Tommy/Thomas Sætre i double, Ingvar tar sett mot Øyvind Christensen, sterkt.Mot Eiker 2 ledar Stord med 4-3 , men poenga glipper mot slutten og det blir tap 4-6. Tommy vinner igjen 2 tette 5.sett kampar og Thomas Irgens slår Eiker 2 sin 4.mann.Thomas og Ingvar spelar godt i double nede og vinner greit 3-0. Både Thomas Sætre mot Thomas Knive og Thomas Irgens mot Ole Christian Stenshorne er godt med i sine siste 2 kampar, men taper, her skulle me hatt poeng melder kaptein Tommy Urhaug. Tross alt positive ting å henta frå 1.div laget. I morgon er det Stord-Eiker i eliteserien, me får sjå korleis det går med ryggen til Hallvard, mens Stord 2 møter Skien og Fokus 3 i 1.divisjon, me håpar på like god innsats sundag
Oppdatert : 07.02.2009

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Regionsmeisterskap med 19 deltakarar 25. august
Stord Cup 1 og 2 desember
Regionsmeisterskap laurdag 25. august
Årsmelding Stord BTK 2017
Årsmøte mandag 19. mars kl.20.00

www.stordbtk.no © 2002