Oppsummering frå KM

Roger: vinnar som venta både åpen og veteran som han vil utan å ta seg nevneverdig ut, virkar å vera i bra form
Atle: Skada i armen etter fall på springetur og kan ikkje dra loop, var godt fornøgd med 2 bronse og masse minuspoeng etter 2 tap for to C-spelarar, kanskje da holde til å delta i B i NM i år og ?
Thomas: Spelar veldig bra i gutar 15 år og vinner alle kampane lett. Tap 2-3 både for Morten B og Raymond i åpen, spelarar han etter kvart bør slå kvar gong om han skal opp på eit høgare nivå
Raymond:Slår Thomas i åpen etter bra spel, men la overraskande mot Kristian Sørheim,Norheimsund i herrer C
Per Arne: gjer eit veldig bra comeback, vinner herrer C overbevisande og ein fin 2. plass i veteran, slår både Morten og Atle her, håpar du kan vera med og trenar med dei yngre framover.
Nils Arne: Spelar veldig bra i dag, får ein flott 2. plass i handicap, slår Kåre SKorpen greit og tar sett mot Stig Mortensen. Har taket på Tom Strømberg i C, ledar 1-0 og har sett ball. Skal me trena litt meir framover Nils Arne ?
Kenneth: Litt opp og ned, nivået blir nok eit hakk for høgt, men har ein del bra spel innimellom
Anne-Margrethe: var småsjuk før stevnet og måtte trekka seg før da var slutt, men rakk å slå Ingvar etter ein bra kamp
Ingvar:Gjr eit godt stevne, vinner 13 år med 3-0 i alle kampar, og taper kun for Anne_Margrethe og Thomas( tar eit sett) i 15
Erik: vinner 11 år veldig greit med 3-0 i finalen etter bra spel mot Erlend Skeie Liland. Har taket på Christian Bakke i 1 sett i kvart i 15 år, men taper og blir litt passiv i resten av kampen
Steffen: Spelar veldig bra innimellom, men vurderer nokre ballar litt feil og loopar for hardt, må halda seg nermare bordet, ryggar for lett
Marius: var litt passiv i spelet i nokre kampar, men har fleire bra kampar, må få i gong beina heile tida og vera litt meir bestemt. God kamp mot Ingvar
Morten Kleven: Spelar ein veldig bra kamp mot Christian Bakke og fleire andre og, jobbar bra, men må jobba meir med loopen
Christian: spelar godt i nybyrjar sjølv om det blir knepent tap i finalen. Har veldig god innsats, men ryggar litt for lett, må jobba med å loopa meir med forehand
Morten Stokke: Har heva seg fleir hakk denne sesongen, får ein fin 3 plass i 11 år, og spelar 2 jevne sett mot Erik i semifinalen
Georg: debuterer på stevnet og tar ein sterk 3 plass i nybyrjar og går vidare i 11 år, har veldig god innsats
Generelt:
Alle har veldig god oppførsel ved bordet og god konsentrasjon og innsats.
For at me skal heva oss enda fleire hakk, må det nok meir konsentrsjon til på heile treninga, og me må i gong med skikkelig fysisk trening, ut å springa eit par dagar i veka, og litt styrke/spenst så kjem konsentrasjonen etterkvart
Oppdatert : 07.12.2008

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002