Seriestart i eliteserien i helga

I helga startar eliteserien, seint i sesongen og fryktelig opplegg fyrste helga. 5 kampar på ei helg på 4 forskjellige plassar, håplaust opplegg.
Det blir eit knalltøft opplegg i eliteserien i helga, 5 kampar på austlandet og kjøring bortimot 400 km mellom hallar. Greit at grunnserien er kvallik for sluttspel, men då burde forbundet ha lagt alle kampane i ein hall, sånn at belastningen blei mindre. Fredag kveld skal Stord møta Høyenhall på Larkollen, ein time sør for Oslo. Laurdag er det fyrst kamp på mot Eiker og så opp til Modum seinare på kvelden. Så er det inn til Oslo og 2 kampar i B-72 hallen sundag, mot B-72 og Fokus. Modum og B-72 blir hardaste motstandar, men me satsar på at våre 3 spelarar også kan vera med og kjempa om poeng i disse kampane. Me stiller med Roger, Hallvard og Zhang Yi denne helga
Oppdatert : 12.11.2008

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002