Stord Bortdtennisklubb fekk pris for god tilgjenge

Under den årlege kulturkvelden i Stord Kommune fekk Stord Bordtennisklubb den aller fyrste Pris for god tilgjenge, og Tommy fekk heder og ære for innsatsen i Paralympic i Kina. Stord Bordtennisklubb fekk veldig mykje skryt av Stord Kommune for den jobben som er gjort med funksjonshemma på Stord. Det blei påpeika at Stord Bordtennisklubb klarte å hevda seg både nasjonalt og internasjonalt, og samtidig inkludera alle på lik linje enten dei er funksjonsfriske eller har ein funksjonshemming. Me i Stord Bordtennisklubb er sjølvsagt veldig stolte over denne prisen, samtidig er den også ein inspirasjon til å klara å integrera enda fleire utøvarar.
Under kulturkvelden blei det også delt ut kulturstipend, kulturpris, målpris, eldsjelpris
Oppdatert : 29.10.2008

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002