Hallvard i storform vant 2 klassar i Bergen

Hallvard er i storform for tida, og leverte sitt beste stevne nokon gong i helga. Hallvard vant både herrer junior og herrer eldre junior. Heile norgeseliten var på plass i begge disse klassane, samt fleire kinesiske spelarar, pluss det engelske junior landslaget. Hallvard nådde også kvartfinalen i herrer eliteThomas Irgens vant herrer B, Thomas Sætre tok 2.plass i funksjonshemma og Ingvar kom på 2.plass i gutar 12 år. Det var våre beste plasseringar utanom Hallvard.

Hallvard kom til kvartfinalen i herrer elite, der han tapte 4-1 for Wang Bing, Modum og spelar sikkert og godt fram mot kvartfinalen Wang Bing har vore eliteseriens beste spelar . I herrer junior tok Hallvard seg enkelt til kvartfinalen, der han vant 3-2 mot Sean Cullan, England. I semifinalen vant han ein overbevisande 3-0 siger mot kinesiske Sun Jie, som spelar frå Eiker. Finalen blei ein svært god og jevn kamp, der Hallvard tapte dei to fyrste setta, men Hallvard behaldt roen og spelte seg meir og meir opp, vant dei 3 neste setta etter bra spel.
I herrer B gjekk Thomas Irgens heilt til topps etter bra spel i mange kampar. I finalen blei det 3-1 mot Benjamin Fossheim, Molde. I funksjonshemma blei det 2.plass til Thomas Sætre etter 0-3 tap for Andreas Aulie,Fokus i finalen. Thomas spelte bra i fleire kampar, men i finalen blei Andreas for god denne gong. I gutar 12 år blei det 2 plass på Ingvar Rafdal. Ingvar hadde ikkje sin beste dag, men fighta veldig godt og vant fleire jevne kampar og har all grunn til å vera fornøgd med 2.plassen, i finalen blei det 1-3 tap for Fredrik Olsen Aarseth, Varding.
Sundag starta med junior landskamp mellom Norge og England. Hallvard tapte her sin 1.kamp 2-3 for Chris Doran, men kom sterkt igjen og vant 3-2 mot Mathew Ware. Norge tapte tillutt 3-2 og 9-11 i 5.sett i siste kamp, så det blei ein spennande og jevn kamp. Synd at det ikkje var tid til at landskampen i sin heilhet kunne få spelt utan andre kampar, men honnør til Laksevåg som fekk i stand den landskampen.
I herrer eldre jr viste Hallvar på ny stort spel med mange gode kampar. I 8-dels finalen blei landslagskollega Pål Francis Aarås, Eiker satt på plass med solide 3-0, og i kvartfinalen var det Steffen Bjørhusdal, Fokus som blei satt på plass med 3-0. I semifinalen satte Hallvard seniorlandslagsspelar Eric Berner, B-72 på plass med 3-1 og i finalen blei det ein solid siger mot Eiker sin kinesiske spelar Sun Jie.
Hallvard viste i helga at han har tatt eit godt steg framover, og det lovar bra fram mot eliteserine som startar om 4 veker.
Ellers fekk Stordspelarane disse plasseringane:
Damer junior: 9. Anne-Margrethe Leirvik
Jenter 15 år: 9. Anne-Margrethe Leirvik
Gutar 15 år: 9. Thomas Irgens
Herrer elite: 9. Zhang Yi
Herrer eldre junior: 9. Zhang Yi

Oppdatert : 20.10.2008

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002