Fint KM av Stord i Bergen i dag

Det blei 2 sigrar i KM, Thomas vant gutar 15 år og Morten Stokke vant nybyrjar 11 år. Ellers blei det fleire 2. og 3. plassar. Mr Bordtennis Stord tapte(1-3) finalen i herrer single for Mr Bordtennis Bergen i tidenes "eldste" finale i single. På bilde ser me finalistane i herrer single(Atle og Kjell Stordal), som tilsaman var rundt 100 år, det må vel vera rekord i Norge ?
Atle tapte overraskande i pulja for Vegar Ljones,Norheimsund. Thomas vant pulja si etter bra spel mot Kjell Lygren,Thomas Sætre og Kjetil Korneliussen. I kvarfinalen var det klart for familemøte, der Atle viste kven som var eldst og vant 3-1, Atle vant også semfinalen med 3-1 mot Gaute Grov
Thomas vant greit gutar 15 år, etter 3-0 i finalen mot Sverre Hartveit. I nybyrjar 11 år spelte Morten Stokke og Harald Mathias Eskeland begge veldig bra og gjekk heilt til finalen. Der blei det 3-1 siger til Morten. Fin innsats av begge to. I gutar 11 år var det berre Erik som gjekk vidare, etter pulje siger, han vant semifinalen mot Sveinung Hartveit. I finalen møtte han Fridtjof Rosenbaum,Fjell som han slo i pulja. I finalen kom Erik skeivt ut og tapte dei 2 fyrste setta. Han spelte seg godt opp, men det blei knepent 2-3 tap til slutt. Steffen var i samme pulje som Erik og vant 1 kamp etter bra spel. I 2.pulja starta det litt dårlig for Ivar, som tapte dei 2 fyrste kampane, men Ivar kom sterkt igjen og vant dei 2 siste, bl.a. 3-0 mot Erlend Skeie Liland var sterkt. Morten var også i denne pulje og vant 1 kamp og spelte bra. Nivået i denne 11 årsklassen var veldig bra, og våre spelarar gjorde det bra. I gutar 13 år gjekk ikkje noken av våre spelarar vidare, men brukbart spel innimellom. Marius som måtte spela gutar 15 år i tillegg til 13 år , fekk det som venta hardt, men også han spelte fleire gode kampar.
Arild Vatland tok 3.plass både i herrer C og veteran, i veteran hadde han Atle i kne og burde ha vunne, men sidan Atle har Stellan serven drog han det i land i 5.sett
Ole var ikkje i slag sjølv i dag, men var nok storfornøgd med sønnen Morten og det var nok det viktigaste.
Nils Arne spelte også langt under pari, faktisk så dårlig at han trua med å legga opp... I veteran blei det nytt 1-3 tapt for Atle mot Kjell Stordal, denne gong på deffen utan at det hjalp.

Oppdatert : 27.04.2008

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup 1. og 2. desember
Regionsmeisterskap med 19 deltakarar 25. august
Stord Cup 1 og 2 desember
Regionsmeisterskap laurdag 25. august
Årsmelding Stord BTK 2017

www.stordbtk.no © 2002