Ingvar avslutta den flotte NM helga med ein fantastisk 2.plass i gutar 11 år

Stord BTK sine spelarar gjorde ein flott innsats i NM for yngre i Trondheim i helga. Ingvar tok seg heilt fram til finalen i gutar 11 år, men tapte 1-3 for Ola Lønn Jenssen,Sarpsborg( her på bilde saman med Ingvar). Ingvar leverte ein fantastisk innsats i 11 års klassen der det deltok 54 deltakarar. Ingvar vant 3 kampar i pulja si og deretter 8 dels finale, kvartfinale og semifinale, og tapte kun 1 sett på veg mot finalen. I finalen opna Ingvar bra med å vinna fyrste sett 11-6, men deretter blei Ola Lønn Jenssen for sterk, sjølv om Ingvar hadde 10-10 i 4.sett. Litt kort om dei andre sundag og helga ellers:
Thomas taper for Hogne Jørgensen,B-72 i pulja og taper dermed seedingsplassen( som faktisk ville gitt w.o. i runden før kvarten). Spelar bra i sluttspelet, og vinner 2 kampar før det blir 1-3 tap for vinnaren Pål Francis Aarås i ein bra kamp. Anne-Margrethe spelte seg stort opp etter laurdag og leverte fleire gode kampar, og slo bl.a. Carine Gamborg-Jensen,Fokus, får ein fin 3.plassi jenter 15 år B.
Bjarte spelte også betre sundag og fekk bra skruv i serven, og bh kontringen satt også bra.
Marius spelte seg opp i heile helga, havna i ei veldig sterk pulje, men spelate veldig bra innimellom. Håvard spelte seg også bra opp, og vant 2 kampar i pulja og gjekk vidare og fekk ein fin 9. plass i gutar 11 år. Steffen fekk justert fh veldig fint etter å ha sett på video fredag, gjekk vidare frå pulja i 11 år og spelte i rein Mickael Appelgren stil og koste seg bak bordet. Mari vant mot ein Fokus spelar i ein jevn 3-2 kamp og har vist kjempebra spel etter kun 3-4 månader trening. Erik har ei knallhard pulje i 11 år, men går vidare etter ein jevn 3-2 siger og ein 2-3 tap. Det blir tap i runden før kvarten med 9-11 i 5. settfor Erlend Skeie Liland,Heros, mykje bra spel. Ivar hadde ei enda hardare pulje og fekk ikkje til spelet i pulja, men i B-sluttspelet våkna han skikkelig til og fh loopen satt så bra at det blei finaleplass, med tap 0-2 for Aleksander Hoel,Fokus, bra med 2.plass !
Totalt sett for våre spelarar i helga, så gjorde alle ein veldig god innsats. Det er mange gode spelarar med i NM, men me har ein veldig fin gjeng på gang, og me skal få nokre fine NM for yngre framover.
Turen gjekk veldig fint både opp og ned, sjølv om det blei veldig travelt for dei siste for å nå flyet tilbake sundag ettermiddag. Overnatting var på Ungdomsherberge, det var veldig lytt der, men ellers var det bra. Me fekk oss ein tur på Peppes Pizza, mat i Egon tårnet 74 meter over bakken og bowling runde( ja McKenzie viste seg å vera best der i den store finalerunden, han spelte som ein mann). I tillegg til lagleiarane Jørn Kenneth(McKenzie) og Atle var foreldra: Inge,Anne Birgitte,Yngve,Kari og Anita med, og dei gjorde turen og lagleiinga mykje lettera. Inge hadde det travelt og kjørte to turar til hall og andre aktivitetar med 9 setar leigebil, og alle dei andre foreldra gjorde ein kjempeinnsats i helga. Me hadde egen "Camp Base" i hallen med saft og brød og pålegg, noko som var veldig vellykka. Her blei ein "tvangsfora" om ein prøvde å snika seg unna...og damene sørga for at alle spelarane fekk rikelig med mat og drikke, og foreldra steppa også inn som lagleiarar og gjorde sitt til at dette blei ein veldig vellykka tur. Me prøvde så godt me kunne å følga opp alle spelarane, og me klarte vel 90 % av alle kampane og det er bra. Humøret var bra på alle spelarane og resten av gjengen, og mange nye vitsar såg dagens lys, og det toppa seg kanskje med historien om det vesle barnebarnet som blei fødd...
Neste år satsar me på at enda fleire av både spelarane og foreldra skal ta turen.
Våre resultater frå NM:
Gutar lag: 1.Eiker 19.Stord
Gutar 11 år lag: 2.Stord 1(Ingvar/Erik)
Gutar dobbel: 3.Thomas /Gaute Grov,Stord/Heros
Mix dobbel 5.Thomas/Anne-Margrethe
Gutar 13 år: 17.Erik
Gutar 13 år B sluttspel: 3.Ivar 5.Marius 5.Ingvar
Gutar 15 år: 9.Thomas
Jenter 15 år B sluttspel: 3.Anne-Margrethe
Gutar 11 år: 2. Ingvar 9.Håvard 9.Erik
Gutar 11 år B-sluttspel: 2.Ivar

For fullstendig resulatliste, sjå på forbundet sine sider eller på Vikåasen BTK. Tilslutt må me takka Vikåsen BTK for eit flott NM arrangement !
Oppdatert : 10.03.2008

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002