2 sigrar og god innsats av alle i Norheimsund i dag

Det blei to gull, ein sølv og ein bronse i siste runde av lagcup i region vest som gjekk i Norheimsund i dag.
I gutar 15 år lag vant Thomas i lag med Gaute Grov,Heros som forventa.
I gutar 11 år blei det dobbel Stord siger, Ingvar og ein døgnvill Erik vant alle kampane. Erik kom rett frå Kina, sov 2 timar og var klar til å reisa til Norheimsund. Det var imponerande i seg sjølv ! Dei tapte kun ein kamp, og det var Erik som tapte for Steffen.
Steffen og Morten spelte også veldig godt og sørga for dobbel Stord, veldig bra.
I gutar 13 år spelte Anne-Margrethe saman med Pia Dyrkolbotn,Heros, og det blei ein fin 3.plass etter bra spel. Bjarte og Marius fekk det tøft, men viste mykje bra spel, sjølv om det ikkje blei noken siger i dag.
Jørn Kenneth og Atle var med som lagleiarar, og var veldig godt fornøgd med innsatsen til alle
Oppdatert : 16.02.2008

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002