1.dag av Stord Cup vel i hamn

Det blei eit kosleig og fint stevne med mange fine kampar i bordtennishallen i dag,men kun ein klassesiger til Stord, ved Thomas og Atle i dobbel.På bildet server Marius i den jevne kampen mot Ivar, medan Nils Arne sjekkar skruven
Det viste seg at bordtennishallen var heilt perfekt for stevne med 30-40 deltakarar. Med 6 bord var det rimelig bra plass for alle. I vestibylen var det ein rikhaldig kiosk med god sitjeplass for dei som ikkje spelte.
Herrer dobbel blei vunnen av Thomas/Atle som vant greit 3-0 i finalen over Finstad/Finstad,Kåsen. I herrer open blei det 2.plass til Atle etter klart 0-3 tap for Henning A. Finstad,Kåsen i finalen. Thor Gunnar og Thomas tok 3.plassar. Ny 2.plass til Atle i veteran, nok ein gong slått av Henning A. Finstad,Kåsen. I herrer C gjekk ikkje Raymond vidare, kom i ei knallhard innleiande pulje. I herrer D spelte fleire av våre yngste spelarar og fekk verdifull kamptrening. Ivar og Marius hadde ein skikkelig rysare i pulja der Ivar vant 12-10 i 5.sett og gjekk vidare. Ellers tok Erik sett både mot Christine Andersen og Kjetil Korneliussen og det er sterkt. Kenneth Vika vant det interne oppgjeret mot Ingvar og gjekk vidare. Det blei stopp i kvartfinalen både for Ivar og Kenneth. Steffen gjekk vidare i handicap open, og fekk ein fin 3. plass, der Nils Arne Stuve som er på utlån til Norheimsund tok heim ein fortjent siger.
Litt småplukk ellers: Atle slår Thor Gunnar i 2 kampar, det interne oppgjeret mellom Norheimsundspelarane Håvard Markhus og Vegar Ljones enda jevnast mulig med 12-10 til Håvard i 5.sett.
Resultater:
Herrer dobbel:
1.Thomas Irgens/Atle Irgens,Stord
2.Henning A.Finstad/Ole A.Finstad,Kåsen
3.Kjell Søiland/Mickael Nickel,Kåsen
3.Thor Gunnar Bjelland/Raymond Espenes,Stord
Herrer open
1.Henning A.Finstad,Kåsen
2.Atle Irgens,Stord
3.Thomas Irgens,Stord
3.Thor Gunnar Bjelland,Stord
Herrer C
1.Kjell Søiland,Kåsen
2.Lars Åge Berge,Heros
3.Simon Simmenes,Heros
3.Håvard Markhus,Norheimsund
Herrer D
1.Simon Simmenes,Heros
2.Kjetil Korneliussen,Heros
3.Sverre Hartveit,Heros
3.Mickael Nickel,Kåsen
Handicap Open
1.Nils Arne Stuve,Norheimsund
2.Christine Andersen,Bergen HIL
3.Steffen Salomonsen,Stord
3.Sverre Valderhaug,Bergen HIL

Oppdatert : 01.12.2007

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002