Fin Stord dag under 1. dag av regionsmeisterskapet i Haugesund

Stord vant 4 klassar og fekk mange gode plasseringar i Haugesund i dag. Ingvar Rafdal(bildet) vant både gutar 11 år og gutar 13 år. Begge disse klassane var ekstra klassar i dag, og det er sundag som tel som regionsmeisterskap. I 11 år blei det trippel Stord, og Erik Saue var finalemotstandar, men Ingvar blei for sterk og vant 3-0. Ivar Stenberg Skaar kom på 3.plass etter tap for Ingvar i semifinalen. I 13 år vant Ingvar finalen over Christian Bakke,Heros med 3-1 etter overbevisande spel. Det er ei stund sidan Ingvar har slått Christian sist. I semifinalen vant Ingvar klart 3-0 mot Markus Slettebakken,Bergen HIL, ein spelar han har hatt problemer med før i år. Ivar Stenberg Skaar fekk ein fin 3.plass i 13 år. I herrer B blei da dobbel Stord, der Atle vant 3-2 over Raymond i finalen, etter at Raymond hadde leda 2-0 i sett. Raymond leverte ein bra prestasjon då han vant mot Henning Finstad,Kåsen tidligare. 4.klassesigeren kom i herrer dobbel der Thomas og Atle vant ein veldig enkel siger i finalen over Gaute Grov/Morten Bendiksen,Heros i finalen, der spesielt Thomas spelte bra. Semifinalen mot den spenstige kombinasjonen Øystein "Keegan" Strand og Kjell Stordal, blei derimot svært hard og jevn. I herrer jr kom Thomas på 2.plass etter knepent 10-12 tap i 5.sett for Gaute Grov. Thomas tok også ein fin 3.plass i herrer open der han slo ut både Øystein Strand og Gaute Grov, men måtte gje tapt mot Henning Finstad,Kåsen i semifinalen. Atle fekk 2.plass i herrer veteran etter tap for tyske Owe Beuer som spelar for Stavanger. A.I. hadde tidligare slått han bådei herrer B og i pulja i herrer veteran. I Handicap open blei da ein fin 3.plass på Steffen Salomonsen.
Marius, Anne-Margrethe,Sigurd og Bjarte var også med og spelte bra innimellom utan å få plasserinar. Me satsar på at dei kjem enda sterkare sundag
Oppdatert : 24.11.2007

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Årsmelding Stord BTK 2017
Årsmøte mandag 19. mars kl.20.00
Resultat Vestlandsmeisterskap for veteranar 2017
Resultat veteran KM 2017
Innbydelse veteran KM og VM

www.stordbtk.no © 2002