Lagseriar for yngre i Bergen laurdag

Stord BTK stiller med 7 spelarar på lagseriane i Bergen laurdag. Thomas spelar gutar 15 år saman med Kristoffer Hesthammer,Norheimsund. Anne-Margrethe spelar jenter 15 år saman med Ragna Grindheim,Etne. Marius spelar i gutar 13 år lag, uvisst kven det blir med enda, antagelegvis ein frå Heros. I gutar 11 år har me to lag: Ingvar spelar med Erik og Håvard(bildet) spelar saman med Steffen.
Dette er fyrste av 3 turneringar der klubbane samlar poeng, det blir gitt 1 poeng pr. spelar som er med, 1 poeng pr. kamp ein spelar frå klubben vinner, samt poeng for 1.,2. og 3.plass. Alle klubbane som er med på alle stevnene får stipend for yngre spelarar frå region vest, mest til 1.plass osv. nedover. Så her gjelder det å stilla med mange deltakarar. Neste turnering er på Stord i januar, den siste er i Norheimsund i februar, og der spanderer regionen pizza på alle deltakarane
Oppdatert : 20.10.2007

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Regionsmeisterskap med 19 deltakarar 25. august
Stord Cup 1 og 2 desember
Regionsmeisterskap laurdag 25. august
Årsmelding Stord BTK 2017
Årsmøte mandag 19. mars kl.20.00

www.stordbtk.no © 2002