Bra spel avvåre spelarar i topp 8 laurdag

Me er nøgd med innsatsen til spelarane i Bergen i går.
I herrer jr var det 4 spelarar med.Thomas starta med 2-3 tap for Karl Erik Rasmussen, vant så 3-2 mot Gaute Grov og 3-0 mot Helene Nesheim. i 2.runde blei da 3-1 mot Kalle,0-3 for Gaute og 3-1 mot Helene og ein 2.plass. I damer jr var det 7 deltakarar. Anne-Margrethe tapte 0-3 for Sara Heiervang og Pia Dyrkolbotn,2-3 mot Linn Gjelseng etter bra spel, vant 3-1 mot Ragne Grindheim og Marie Hartveit, 3-0 mot Lillian Frette, og fekk 4.plass. I gutar 13 år blei Ingvar best av våre med ein 3.plass, men var nok ikkje heilt fornøgd med spelet. Han tapte 0-3 for Christian Bakke,1-3 for Markus Slettebakken og 2-3 for Bjarte Grindheim,vant 3-0 over Morten,Espen og Øyvind Skeie Liland. Morten blei nr 6 etter å ha vunne mot Espen, mens Espen blei nr 7. Espen var ein av 2 som vant sett mot vinnaren Christian Bakke. Både Morten og Espen spelar bra innimellom, men treng meir sikkerhet enda for å hevda seg i ein sånn turnering mot dei beste i regionen. I gutar 13 år B blei Erik(bildet) ein fin 3.plass. Han tapte 0-3 for Jens Rosenbaum og 1-3 for Erlend Skeie Liland, men vant resten. Ivar fekk 4.plass etter å ha vunne mot Sveinung Hartveit og Steffen. Steffen kom på 6.plass, tapte ein jevn 5.setter mot Sveinung Hartveit. Erik,Ivar og Steffen spelte også bra, men treng også meir sikkerhet.
Alt i alt viste våre spelarar veldig fin framgong, så det gjelder berre å stå på vidare på treningane
Oppdatert : 09.09.2007

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002