I helga er det NM for junior i Lørenskoghallen med B-72 som arrangør. Stord stiller med 4 spelarar: Kristoffer Hellerud,Espen Rønneberg,Hallvard Fjell og Thomas Irgens. Stord er tittelforsvarar i lag, og me satsar alt på å forsvara gullet frå i fjor. Både i dobbel og single satsar me på at det skal bli bra med medaljefangst på Hallvard,Espen og Kristoffer. Thomas er også med og tar dette som god kamptrening. I dobbel spelar Hallvard/Kristoffer i lag, medan Espen spelar saman med Johannes Bratlie,Fjell. Thomas spelar med Kristoffer Hesthammer,Norheimsund i dobbel. Oppdatert : 13.04.2007