Tidenes comeback 2

Du kunne nylig lesa om tidenes comeback har på heimasida vår. I dag vendte Nils Arne Stuve tilbake til moderklubben Stord, etter 2 år i Norheimsund og 2 år i Fjell flytta han heim og fant ut at "Borte bra, heima best"
Nils Arne debuterte for Stord i dag i Fjell Cup, og saman med Atle blei det ein sterk 2. plass i herrer dobbel. Det blei tapt 0-3 for Gaute Grov/Kristoffer Hesthammer, me skulle hatt 3.sett der me leda 9-5 uttaler Stuve i ein kort kommentar, men dei beste vant og me er godt fornøgd med 2.plassen. Dette lovar bra fram mot B-dobbel i NM ! Før den tid var disse satt på plass: S.Simmones/K.Korneliussen,Heros-K.E.Rasmussen/S.Hartveit-V.Ljones/E.Vevatne,Norheimsund. Sistnevnte kamp var hard, og Stellan bidrog godt i siste sett.
Thomas Irgens vant gutar 15 år ganske greit, og fekk også 2.plass i herrer junior, der han tapte 2-3 for Gaute Grov i finalen. Thomas leda 2-0 og såg til å ha kampen under kontroll, men Gaute kom sterkt igjen og vant kampen. I herrer elite kom Øystein Strand på ein 3.plass etter tap for Simon Simmenes i semifinalen i ein svært jevn kamp. Keegan var forøvrig einaste som slo vinnaren Gaute Grov(3-0 i pulja)på dette stevnet.
Oppdatert : 10.02.2007

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup 1. og 2. desember
Regionsmeisterskap med 19 deltakarar 25. august
Stord Cup 1 og 2 desember
Regionsmeisterskap laurdag 25. august
Årsmelding Stord BTK 2017

www.stordbtk.no © 2002