Tommy til topps på Hamar !!

Fantastisk dag for Tommy Urhaug som fekk prisen for årets funksjonshemma utøver i Norge. Me i Stord Bordtennisklubb veit kva arbeid som Tommy har lagt ned for å koma så langt som han har komt, nemlig å vera best i verden. Med ein sånn pris i beste sendetid på NRK håpar me at fleire får auga opp for Tommy sin innsats. Litt kritikk til NRK må me få gje, som nok ein gong ikkje greide å få visa eit skikkelig action opptak av Tommy. Det skal me prøva å få dei til å gjera neste gong. Og til slutt ein gratulasjon også til heile familien til Tommy og spesielt Lyder som har ein stor del av æra for dette !. Og heilt til slutt ein takk til alle i Stord Bordtennisklubb som støttar Tommy !
Mange gratulasjonar er komt inn både til Thor Gunnar og Atle på mobil med ordførar på Stord og presidenten i Norges Bordtennisforbund i spissen. Alle er impomert over Tommy. Har du lyst til å gratulera Tommy, så send ein SMS til han på 95863045
Oppdatert : 06.01.2007

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002