2 poeng til Stord 2 i 1.divisjon i Bergen i dag

Stord 2 stilte i dag med Tommy og Thor Gunnar oppe, mens Atle og Thomas spelte nede.
Mot Heros tar igjen Tommy 2 kampar mot Øystein Bakke og Morten Bendiksen. Begge kampane går over 5 sett, men Tommy sin internasjonale rutine kjem til sin rett, noko som gjer at han som vanlig er sterk på slutten. Thor Gunnar vinner greit 3-1 mot ein litt tam Morten, men taper 0-3 for Øystein Bakke, som blir for sikker for kongen. Me taper begge double kampane igjen. Tommy og Atle er med i 3 av setta mot Øystein og Thor, men taper tilslutt 1-3 Me sliter mot Heros nede også denne gong. Atle kjem dårlig ut og ligg under med 1-2 mot Gaute Grov, men halar i land ein 3-2 siger tilslutt, etter klare siffer i dei to siste setta, men Gaute spelte godt i denne kampen. Ringreven Thor Solheim har verkeleg fått dreis på antien sin og kobinerer fint med ein sikker forehand toppspin, og vinner også denne gong begge kampane nede, mot Thomas(3-2) og Atle(3-1) Thomas går ut i siste kamp mot Gaute Grov på stillingen 5-4 til Heros, og det blir som vanlig ein jevn kamp der alle sett er jevne, men dessverre for oss så vinner Gaute denne gong med 11-9 i 5.sett.
Mot Fjell blir det ein enkel 9-1 siger til Stord. Fjell stiller med Mats Nilseng og Vegard Broch oppe og Espen Erenstsen og Ronny Simonsen nede. Thomas er ein aste som taper kamp, og det for Ronny Simonsen, men halar i land ein jevn siger mot Espen i siste kamp (16-14 i 5.sett)
Det var ein del jevne sett ellers, men Stordspelarane har stort sett kontroll i dei andre kampane.
Lagleiar Lyder Urhaug var stort sett fornøgd med spelarane sine, men kunne ønskt seg 1 poeng mot Heros
I morgon møter me Bergen HIL, og då står Tommy over for å gjera siste innspurt i eksamensoppgåve som skal leverast mandag. Jan Anders blir då med som 4. mann på laget
Oppdatert : 09.12.2006

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002