Bra dag av Stord under nok ein lang dag av junior NM

Stordspelarane revansjerte seg i frå gårsdagens svake innsats i single, og alle spelte opp mot sitt beste og vel så da i dag. Det blei gull i eldre jr. dobbel til Kristoffer/Espen, og sølv til Kristoffer i eldre jr. single
Hallvard og Johannes Bratlie tok sølv i herrer jr. dobbel etter tap i finalen for Jonas Nilseng/Martin Røste.
I eldre jr. dobbel hadde Kristoffer og Espen marginane på si side i dag, og vant 3 jevne 3-2 kampar, i kvartfinalen mot Øystein Bakke/Kristoffer Esketveit, semifinalen mot Arne M.Aarås/Martin Røste og finalen mot Ali Ahmad/Jonas Nilseng. Hallvar/Johannes Bratlie,Fjell kom her på ein fin 5.plass. I eldre jr. single fekk Hallvard ein hard 1.runde kamp etter at han tapte i pulja for Sondre Kvikstad,Eiker. Han møtte ein av favorittane Ali Ahmad, og Ali hadde store problemer med servane til Hallvard, samt at Hallvard spelte utrulig bra og vant sensasjonelt 3-0. Etterpå vant han knepent 3-2 mot Øystein Bakke, før Nils Madsen Haugland blei for sterk i kvartfinalen, men alt i alt ein sterk prestasjon av Hallvard. Espen tok seg fint fram til kvartfinalen, men tapte her for Arne Marino Aarås. Kristoffer klarte å revansjera seg frå dei to feilskjera i går, og spelte overbevisande. Han vant 3-0 i kvartfinalen mot Jonas Nilseng, og fortsatte med å vinna ein jevn semifinale mot Eric Berner. I finalen blei imidlertid Arne Marino Aarås for sterk og det blei 1-3 tap, men ein sterk 2.plass.
Det blei nok ein lang dag i hallen og forbundet må nok ta ein grundig gjennomgang av tidsplanen for junior NM. Utviding til 3 dagar er ein sjølvsagt ting
Oppdatert : 02.04.2006

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Veteran VM og KM arrangert laurdag 22. desember
Resultat klubbmeisterskap
Veteran VM og KM 22. desember
Resultat Stord Cup
Stord Cup 1. og 2. desember

www.stordbtk.no © 2002