Ingen suksess i single i jr. NM

Alle våre 3 rauk ut i kvartfinalen i single i junior, og det meldes om at det som forventa nermast blei ein sportsleg skandale at NM går over to dagar. Hallvard som kun var kvartseeda, spelte bra sjølv om det blei tap i kvartfinalen for Martin Røste. Han tapte 1-3, der to av setta var med 2 poeng og i tillegg vant Hallvard sitt sett med 11-2, men det haldt altså ikkje heilt inn. Espen fekk problemer med defensive Jakob Kristiansen frå Eiker og tapte ein jevn kamp 2-3. Heller ikkje Kristoffer fekk det til i single, og tapte overraskande 2-3 for Amed Chaer,Bmk etter ikkje altfor bra spel. Kristoffer og Espen rauk også svært overraskande ut i kvartfinalen i jr. dobbel for Pål Francis Aarås/Lars Rønneberg,B-72/Kobra. Hallvard som spelar med Johannes Bratlie,Fjell tok seg fram til semifinalen, der dei møter nettopp Pål Francis Aarås/Lars Rønneberg i morgon. Alt i alt ein blanda dag for Stord i junior NM, der gullet i lag sjølvsagt gledar mest.
I morgon er det single og dobbel klassar i eldre junior, men her er det langt hardare konkurranse, men me får håpa at våre gutar er klare til revansje.
Våre spelarar lei dessverre av at Eiker og Norges Bordtennisforbund valgte å arrangera dette NM over 2 dagar og ikkje 3 dagar som burde vore ein selvfølge. Våre spelarar, samt Fjell sine som også spela finale i lag, vart spelande omtrent 10 timar i strekk utan noko pause, og det seier seg sjølv at dette ikkje er sportsleg forsvarleg. At Eiker BTK som ein forholdsvis ny klubb, ikkje har kunnskap om dette er ein ting, men at Norges Bordtennisforbund lar dette skje er ein skandale. Og vær så snill, få fekk puljespel i junior og eldre junior klassar i eit NM !
Oppdatert : 01.04.2006

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002