Nye medaljer til Stord laurdag og sundag

Tommy vant som venta ein solid siger i handicap, medan det blei sølv i dobbel til Roger og Kristoffer, sølv til Geir i single og bronse til Roger blei medaljefangsten dei to siste dagane av senior NM. Ein halvskade Geir rauk ut i 1.runde i dobbel med Stian Winther mot Zhang Miao/Arne Marino Aarås,Modum. Då steppa useeda Roger/Kristoffer inn og spelte seg overbevisande fram til finalen, der dei tapte i ein jevn kamp for Istvan Moldovan/Dag Frode Lobben,Modum. Hallvard/Espen rauk overraskande ut i 1.runde mot brødrene Bjørn Iversen/Arild Brække,Lørenskog. Tommy/Atle tapte klart for Terje Herting/Sjur Pettersen,Fokus. I single tapte Espen 1-4 for Eirik Ansnes i pulja og vant 4-1 mot Alexander Rønning, alt i alt greit spel av Espen. Hallvard hadde to harde kampar i pulja der han vant begge med 4-3 mot Jakob Kristiansen,Eiker og Lars Erik Espedalen,Fokus og gjekk vidare. Tommy spelte bra i pulja, men tapte 2-4 for Trond Nagy,Fokus og 1-4 for Nils Madsen Haugland,Tromsø. Kristoffer gjekk greit vidare frå pulja. I sluttspelet gjekk Geir greit vidare til finalen og det såg bra ut. Roger kom skevt ut mot Arne Marino Aarås og låg under med 0-3 før han fekk spelet til å sitja. Han kom sterkt igjen og avverga fleire matchballar i 5.sett og vant 11-9 i avjgerande. Også i kvartfinalen blei det ein rysare mot Eirik Ansnes, men Roger viste seg igjen sterk på slutten og vant også her med 2 poeng i avgjerande. I semifinalen blei Istvan Moldovan eit nummer for stor for Roger, men ein sterk bronsemedalje blei det. I finalen var Geir sterkt hemma av skulderskaden, og måtte leggja seg litt bakpå, samtidig som han ikkje greidde å trykka hardt nok med forehand. Det blei allikavel ein veldig publikumsvennlig finale som Istvan drog i land med 11-8 i 7.sett. Eit fortjent norgesmeisterskap til Istvan tross alt. I dei innleiande klassane spelte Atle seg fram til semifinalen i herrer B single, medan det blei 5.plass på Atle/Thor Gunnar i herrer B dobbel der forøvrig tidligare Stord spelar Morten Bendiksen gjekk heilt til topps saman med Mats Nilseng,Fjell
Oppdatert : 06.03.2006

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002