NM gull til Stord i dag !!!

Stord tok i dag historiens fyrste NM gull i herrer lag då Modum blei banka 3-2 i finalen. Geir Erlandsen, Roger Andersson,Kristoffer Hellerud og Espen Rønneberg som blei dei historiske vinnarane, for ikkje å gløyma lagleiar Thor Gunnar Bjelland. Stord hadde w.o i 1.runde etter at Katfosskameratene trakk laget sitt, noko som gjorde at Hallvard desverre måtte spela på 2.laget. I kvartfinalen vant Stord lett 3-0 mot BMK Skien, Geir,Roger og Espen spelte på laget i den kampen, alle med overbevisande 3-0 i kampane sine. I semifinalen var Fokus motstandar, og her blei det som venta hardare. Roger var fyrst ut mot Eirik Ansnes, ein grei 3-1 siger etter at Roger kom litt dårlig ut og låg under 0-1. Geir feidde så over Stian Winther med 3 klare sett. Kristoffer var nestemann ut mot Ali Ahmad, ein spelar han har vore nære på å slå 3 gongar tidligare i år. Kristoffer spelte bra og leda 2-1 og 5-2 då Ali tok time out. Etter dette kom Kristoffer ikkje heilt inn i kampen igjen, sjølv om han kjempa seg opp til 9-11 i 5.sett. Geir møtte så Eirik Ansnes, og det var tydelig at Geir var plaga av skulderskaden som han fekk forrige helg, samt at Ansnes spelte bra. Geir låg under med 0-2 og 6-8 i 3.sett før han greidde å snu kampen og rodde den i land. I finalen mot Modum starta Geir mot Arne Marino Aarås, og tapte også her 1.sett og sleit i andre også, men greide å kjempa seg i land med 3-1. Roger møtte så Istvan Moldovan, og kom aldri skikkelig inn i kampen, og hadde vel også ein del tur mot seg. Allikavel greide han å få 9 poeng i 2 av setta. Kristoffer spelte bra mot Joachim Sørensen, men blei eit nr. for liten denne gongen. Så var det Geir mot Istvan, og me rekna med at dette ville bli hardt med Geir sin skade, men Geir spelte lurt og vant greit 3-1. Så var det klart for Roger mot Arne Marino Aarås, og Roger spelte veldig bra, og drog fram fleire lekkerbisk blokkar, og vant greit 3-0.
Me nevner også at Stord 2 med Hallvard,Tommy og Atle rauk ut i 1.runde mot B-72 med 0-3 tap, Tommy greidde 2-3 mot Eric Berner og det var bra.
Oppdatert : 03.03.2006

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup 1. og 2. desember
Regionsmeisterskap med 19 deltakarar 25. august
Stord Cup 1 og 2 desember
Regionsmeisterskap laurdag 25. august
Årsmelding Stord BTK 2017

www.stordbtk.no © 2002