Norgescup i Trondheim og mykje meir denne veka og helga !

I helga er det norgescup i Trondheim, medan Hallvard og Espen er i Qatar, medan Geir og Kristoffer er i Kroatia.
Thor Gunnar,Tommy,Thomas,Jan Anders og vår nye kineser er i Trondheim på norgescup, der forøvrig Mona og Lyder er med som lagleiarar.
Hallvard har vore i Qatar på internasjonal turnering, og kom til semifinalen i gutar lag saman med Johannes Bratlie, dei leda 2-0, men tapte tilslutt 2-3 for India sitt andrelag. I single vant Hallvar pulja si i gutar, men tapte 1.runde i hovedturneringa 1-3 for ein frå India. I junior vant Hallvard 1 kamp i innleiande pulje, medan det blei tap i 1.runde i dobbel saman med Aziz Chaer. Espen vant 1 kamp i innleiande pulje i junior, og vant 1.runde i dobbel saman med Martin Røste, medan dei to tapte 0-3 i 1.runde i lag for Iran
Kristoffer som spelte med seniorlandslaget i Kroatia, tapte alle kampar i innleiande runde både i senior og U-21, og tapte også 1.runde i dobbel saman med Eric Berner. Geir vant innleiande pulje, men tapte 1.runde knepent 3-4 for Kiho Shinnosuke,Japan. Geir vant 3 kampar i dobbel saman med Maksim Shmyhryem,Russland, ein bra prestasjon
Oppdatert : 28.01.2006

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup 1. og 2. desember
Regionsmeisterskap med 19 deltakarar 25. august
Stord Cup 1 og 2 desember
Regionsmeisterskap laurdag 25. august
Årsmelding Stord BTK 2017

www.stordbtk.no © 2002