uavgjort 5-5 mellom Stord 3 og Fjell 2 i 2.divisjon i kveld

Det blei ein nervepirrande kamp i rackethallen i kveld der Stord 3 rodde i land 5-5 til slutt. Her er Thomas i aksjon mot evigunge Roald Hovland.
Fjell stilte som venta med Roald Hovland,Vegard Broch,Kjell Arild Andersen og Hans Erik Johansson.
Det blei Atle og Arild som vant 2 kampar kvar mot Fjell 2, medan Arild/Mona(steppa inn i dobbel) tok heim eine dobbel kampen. Me må vel innrømma at Fjell 2 var nermare sigeren enn Stord 3 i denne kampen. Fjell leda som nevnt 5-3, då Atle vant 11-7 i avgjerande mot Vegard Broch etter å ha lege under 3-7. Samstundes kjempa Arild ein hard kamp mot defensive Kjell Andersen, og låg blant anna under 1-2 i sett. I 5.sett fekk Arild to fine nettrulerar på slutten før Kjell avslutta med å serva i kanten på bordet og dermed 11-9 til Arild. Litt dumt at dette avgjorde ein fin kamp, men sånn er det. Ellers fekk Thomas og Jan Anders fin kamptrening mot rutinerte Fjellspelarar, sjølv om det ikkje blei nokre sigrar på dei i dag.
Oppdatert : 08.12.2005

 

 

 

 



5 siste nyheter frå Stord BTK
Stord Cup arrangert 2. oktober
Resultat veteran VM og KM
Resultat Juni Cup
Styret i klubben 2021/2022
Innbydelse veteran VM, KM

www.stordbtk.no © 2002